Doven Laurdag

I dag har eg slappa godt av :)   Tidlegare i veka har det vore mykje farting og baking. Onsdag var eg hos Tante og baka lefse og flatbrød. Veldig kjekt å reise heim te andre å bake :-)  Før i eldre tider var det bakstekjeringar som reiste rundt, eller ein samla seg og baka i lag... det forstår eg godt for det er då mykje trivlegare å baka i lag. Dessutan så er det lenge å vente på at ein skal få steikt flatbrødet. 
Tanta sjekkar om flatbrødet er steikt


I dag har eg tumla litt rundt i heimen og rydda litt, ordna med adventspynting og hatt besøk. Strikkepinnane har og fått svingt seg. Laurdagsgraut vart det også og me var sju stykker til bords. Vanlegvis er vi to no når alle ungane har sitt eige. No har eg nett rydda kjøkenet så yngstejenta kan få bake kakemenner. Veldig koseleg når ho kjem heim i helgane og boltrar seg på kjøkenet :-)

Kommentarer