Eit steg fram og fire attende

Normal dag.
 Ja slik kjennest det ofte. Eg er som eg har nemt før, stort sett glad og ser lyst på livet og har ofte meir på dagsplanen enn eg rekk over, så eg kjedar meg aldri. Det hender seg at eg vert rastlaus, og ikkje helt veit kva eg skal ta til med, då er det fint å bu nær naturen og lett å ta seg ein tur med den firbeinte, då har eg som regel gått rastløysa av meg 😊 Eg har sidan 2018 dreve Mor Villrose på hobbybasis. Mor Villrose | Facebook.  Eit konsept eg kunne hatt som levebrød om ikkje helsa hadde hindra meg.  Eg kjenner meg så heldig som alikevel kan få drive med lidenskapen for natur og sanking og samstundes kunne tilpasse det til den kapasiteten eg har til ei kvar tid.  
Med autoimmun sjukdom og ME er det vanskeleg å tilpasse aktiviteten på ein slik måte at eg kan oppretthalde same kapasitet over tid. I utgangspunktet må eg ha ein roleg heimedag i etterkant om eg har vore ein stad eller hatt besøk.  Har eg vore på farten to dagar i strekk får eg skikkeleg krasj og tannpine i heile kroppen.
Og då kjennes det som eit realt tilbakeslag.  
I dag er andre dagen i ein slik totalkrasj, og døgnrytma er ikkje heilt god for eg søv når eg må og klarar. mykje verk gir dårleg søvn. Til og med kjærleiken må setjast på vent slike dagar. Men eg er heldig der og 💗 Eg har den mest tålmodige og forståelsefulle kjærast og sjelvenn som finnest. Og vi begge har trong for mykje egentid, men til gjengjeld er den tida vi er i lag så god og så godt nytta med høg trivselsfaktor, at litt avstand går bra. Så livet er igrunn pørfekt på alle måtar.


Full krasj
 No i desse tider er det mykje ramsløk å finne, og eg hadde planar om å sanke og lage pesto i dag. Men sidan eg var to dagar på farten før helga, og eit lite oppdrag på laurdag, så kom den totale nedstenginga i går, eg pressa meg gjennom ein dusj sidan eg fraus så intenst, det enda med at eg sov i tre timar etterpå. 

I dag har det vore litt bedre, eg har sortert litt i papirer, og ordna noko smått i hagen ein liten time, Sovna i frå tv programmet eg skulle sjå i kveld så no følte eg for å dele litt om korleis eg har det.  

Eg skulle gjerne vore meir med barn og barnebarn, men eg kan ikkje tenke på det, no har eg sett begge døtrene mine førre veka og hatt nokre timar med barnebarna i helga, så eg skal vere fornøgd.  Det er harde prioriteringar, for eg skal trivast. Mistrivsel tappar også så det er viktig med rette prioriteringar.  Eg trivast med å stelle i hus og hage og med handarbeid og med å drive med alt som har med Mor Villrose å gjere. 

Eg saknar skikkeleg å kunne reise på marknad med alle dei gode produkta, snakke med kundane og møte andre produsentar. Så planen framover er å produsere opp ein del bakst og ramsløkprodukt.  Innimellom skal eg gjere ferdig eit gjesterom i kjellaren,  Eg er i gang med å samle meg verktøy og utstyr, og har kjøpt noko av materialen eg treng.

Eg gledar meg skikkeleg til å komme i gang, først skal eg slemme lecaen, så må eg få opp stenderverk. 

Om forma er betre i morgon, så blir det litt plukking av ramsløk og så ein handletur til Dale, har fått litt bestilling av godsaker til helga, så eg må få fat i råvarene eg skal bruke .










Kommentarer