Uti havgapet

I dag blir det rett på her eg sit lengst vest i havet. Ja eg har flytta sidan sist. Meir eller mindre frivilleg alt etter korleis ein vel å sjå det. Min kjæraste og sambuar gjennom 11 år hadde sine vanskar, som igjen vart for vanskeleg for meg.. og vi kom ikkje til noko løysing før det vart so vanskeleg at vi ikkje lenger klarar å stole på kvarandre. I dag vel eg å ikkje komme nærare inn på dette, men eg vil fortelje om kjærleik og sakn, sjølv om det var eg som valgde å gå ut i frå den situasjonen me var komne i.
Ja ein kan Elske ein person og alikevel ikkje kunne leve saman. Tidlegare hørdes det utenkeleg ut for meg. Elskar du nokon så får du det jo til uansett vel?? Nei slik er det ikkje. Foreldrene mine Elska kvarandre høgt og inderleg. Eg vart til. Men far sin alkoholisme gjorde at mor valgde å oppfostre meg åleine. Dei to hadde ein avtale om at den dagen Far kunne vise til at han hadde fått orden på seg sjølv, så skulle han ta kontakt. Far greide ikkje få bukt med alkoholproblema, han tok heller ikkje kontakt. Men det gjorde eg. Då eg var 18 år oppsøkte eg han og har hatt sporadisk kontakt med han fram til han døydde for nokre år sidan. Han fekk møte borneborna sine og sitt eldste oldeborn. Eg veit han ofte sakna oss og yngste ha oss rundt seg. Men alkoholen stod ofte i vegen.

I dag sit eg altso her uti havgapet og saknar Kjærasten og mannen i mitt liv. Saknar bondelivet og dyra. Lurer på om eg nokon gong klarar sleppe taket og late nokon andre komme nær?? Mor var åleine i 25 år.. eg har vore ålene i berre 1. Skal eg følge mor sine fotspor blir eg 75 før eg får meg kavaler :-D

Eg trur nok eg vil ha tilbake det som er kjent, alt nytt er jo litt skummelt. Dei gode klemmane, den lune humoren, kaffikosen og dei gode samtalane. Dei utfordrande kranglane der eg lærde meir om meg sjølv. Støtte til mine prosjekt og å kunne vere den som trengdes innimellom. Alt dette vil eg berre ha slik det var, ikkje frå nokon andre. Og sleppe nokon andre så tett innpå er kjempeskummelt. Men det er ting ein ikkje vil ha, det som fekk lasse til å velte. Om ting var anleis, så trengde det ikkje bli slik, men det er ikkje anleis. Det er som det er og det vart som det vart.
Men kjærleiken er stor. Det er litt frustrerande å ikkje kunne snakke kjærleikens språk til den du føler slik varme for. Litt sårt og, for der går han og ikkje føler seg elska, og hjartet mitt elskar like høgt som før. Det er godt vondt på ein måte. Godt å vite at kjærleiken er der, at eg føler så varmt for eit menneske eg kjenner alle dei gode og dei dårlege sidene ved. Det gjer meg glad. Glad fordi eg opplever ekte sann kjærleik.

Kjærleik har eg og til dyr, kyr og hundar. Dei to hundane vi hadde er att på garden og saknet har vore stort, så stort at eg bad oppdrettar sette meg på liste. Og i slutten av august kom Embla inn i mitt liv.
Berre til å elske <3 

Eg opplevde det og som skummelt, å ha ansvar for dette lille gode vesenet, men no har alt gått seg til og ho blir godt passa på, dulla og kost med, men knallhard grensesetting, ellers vil ho nok gå laus på alt av sko og inventar. Det klør så voldsomt i tenner. Så NEI til det ho ikkje har lov til og så henvist til det ho har lov å gnage på :-D funkar bra, men må framleis ha auge i nakken :-D

Då er eg i gang med skriving og eg tenkjer det ikkje blir så lenge til neste gang :-D Måtte berre renne over med det hjertet er fylt med :-D

Kommentarer

  1. Et nydelig og varmt innlegg, Mona. Allverdens gode tanker til deg. Og den vakre lille er så absolutt elskbar - til og med gjennom skjermen :-D :-D.

    Noen ganger går livet veier man ikke hadde tenkt. Noen ganger må man ta valg man ikke tenkte man måtte ta. Det skal styrke til. Og du er sterk. Stor klem.

    Hm... jeg får ikke til denne innloggingen helt. Så jeg får skrive navnet mitt for sikkerhets skyld.

    Klem fra Kari Viken Olsen

    SvarSlett

Legg inn en kommentar