Solfylt Juni og vondt i kroppen men ikkje i viljen :-)

Har for så vidt hatt ein flott vår og sommar, men vil framleis meir enn eg kan... og sjølvhjulpen vil eg helst vere og.  Ha vore gjennom ein tremånaders-periode med arbeidsutprøving i ein interiørforretning. Har kosa meg eg i dei tre månadane, sjølv om dei fire timane eg var der to gonger i veka ikkje alltid blei like effektive, så var det sosialt og eg fekk bruke mine kreative evner. Men då tok eg ut alle kreftene mine på det så trening og vedlikehald av kroppen det vart det mindre med. I dag har eg vondt, og eg kavar med å finne på noko som kan distrahere meg såpass at eg ikkje kjenner så godt etter..men endte på sofaen ganske utslitt av ingenting. ME er ein vanskeleg "tilstand" å forholde seg til... det er så varierande og så er det så frustrerande for det er ikkje viljen som stoppar meg, eg klarar berre ikkje. Så difor må eg berre gjere noko som eg får til... Eg føler ofte at det eg gjer berre er dill og det går seint før resultata kjem, men no har eg i tre daga spadd sand ut av ein avdanka sandkasse, og i dag kunne dei råtne plankane fjernast.  Første dagen trilla eg sanden sjølv i trillebåra, andre dagen greidde eg ikkje det, då greidde eg berre å spa oppi trillebåra ,men fekk god hjelp av sambuaren min, tredje dagen gjekk det greit att... så slik går no dagane... framover :-) 

Innimellom har eg laga nyyydeleg Hylleblomstsaft :-) Og har planar om å lage meir :-)
 
Eg har fryktelig lyst te å syte og klage, men det er så deprimerande så det gidd eg ikkje, sint og frustrert kan eg få lyst te å verte og, men det er så lite hjelp i, så da seier eg te meg sjølv ; det vert nok bedre i morgon :-) Og så tenkjer eg på det eg faktisk har fått til. Det å ta bilde av det eg gjer hjelper meg til å halde fokuset på at eg tross alt er produktiv og at eg får til noko kvar dag !  Nokre dagar mindre ann andre, men eg har som mål å få til eit eller anna stort eller lite kvar dag! I dag har eg vore med å flytta kyrne til nytt beite, så har eg køyrt vekk ei trillebår med rusk frå hagen. Ikkje mykje men det var det eg fekk til i dag! I morgon kjem ein ny dag :-)
 
 

Kommentarer