Mykje veir i vente

 
No er det ei stund sidan eg har vore aktiv her på bloggen. Ingen spesiell grunn, det er berre slik det blir med meg :-)  Så eg tenkte at ei lita oppsummering kunne vere på sin plass. 


Våren kom, og med den vårarbeid og forventningar til den føreståande sommaren....
... så då tok me fatt på prosjektet å få opp att altanen med ny bod under :-)  Slik at me kan få legge diverse sommarutstyr under tak om vinteren, og slik at me har ein triveleg stad å nyte den vakre utsikta :-)

 
 
Og sommaren kom med sommararbeid  slåttonn og springing etter dyr som ikkje ville vere der vi ville..... og det flotte sommarveiret var her i bittesmå porsjonar innimellom ;-) Så vi kunne nyte også til små utflukter :-)
 
Ender og vannliljer i Storevatnet


Sjølv om mykje skulle gjerast her heime så måtte i allefall eg ut å få litt impulsar og ikkje minst litt sol, så då pakka vi i bilen og tok oss ein tur te Arendal, Grimstad før me enda i Sandefjord hos familien.
 
Sommar i Sandefjord
Ein av blomsterskattane til min svigerinne:-)
Heime att så gjekk dagane sin vante gang...  med arbeid på garden og handarbeid og anna førefallande.  Kveldane vart kjøligare og hausten kom. 

 I byrgjinga av september tok eg til på ein ny medisin, og etter det har eg hatt stigande energi og mykje mindre smerter :-)  Ein kropp som har slite i årevis med tinnitus, migrene og store muskelsmerter føler seg utslitt til tider og dei siste åra her har  det vorte meir konstant utslittheit som har vore det som har vore vanskelegast å handtere..... men no kom det seg betydeleg og eg og yngste dotter mi la ut på ein aldri så liten storbytur til London:-)  Der kosa me oss stort :-) Det er store framskritt! For tre månader sidan måtte eg planlegge godt berre eg skulle ein tur på butikken, for utmattinga kunne ramme så brått og brutalt at eg hadde meir enn nok med å komme meg gjennom handlelista og heim. Sosiale aktivitetar måtte planleggast nøye, slik at eg var sikker på å komme meg heim att dersom eg vart utslått... så det var nok mange ganger eg valde å ikkje reise, rett og slett for eg stolte ikkje på at eg kunne klare meg gjennom det.   Men no kan eg lage middag kvar dag uten at det tar piffen frå meg, eg klarar å halde hus og heim i den stand eg ynskjer, og det utan å vera utslitt, eg har overskudd til å passe barnebarna mine og det er ein fantastisk følelse.  Alt dette er nytt, så eg går noko forsiktig fram enno, men eg nyt kvar dag og legg inn nye gjeremål utan større bekymringar :-) 
 
Til slutt i denne oppsummeringa lar eg dette biletet beskrive den kjennsla eg har av energien som vender attende..
 

Kommentarer