Nytt År... haldningar, tankar om livet og ei aldri så lita kursendring.

Førre innlegg var dystre greier... men det skulle ut.( innlegget er no gjort privat, for det har gjort nytta si) Og når vennene mine hadde lese det og eg har hatt gode samtalar med dei om baggasje og personleg vekst, og om korleis alt påverkar vår samhandling med andre.. ja då kjente eg meg både levande, kraftfull og i vekst :-D Spesielt då eg opplevde omsorg då eg fortalde om ei vond oppleving i ungdommen. Det er ikkje berre terapi, det er healing. Skal terapi verke reparerande må ein oppleve ektefølt omsorg/empati i dei situasjonane ein sit fast i, For hjernen og skjela er det uvesentleg kor lang tid etter traumet omsorga/empatien kjem. SÅ Tore å vise omsorg og kjærleik for kvarandre er kjempeviktig!!! Eg føler meg så rik som har Lillian, Merethe, Heidi og Karina. Dei Flottaste damene eg veit om.. veldig forskjellige.. og dei er mine alle i hop, ein fargerik bukett <3  Og Arve beste kompis ever! takk for gode samtaler ser fram til fleire.



Noko eg nesten ikkje nemner til nokon er alt eg ser, høyrer og føler som går mykje djupare enn det vi ser med det blotte auga. Eg veit når folk lyg.. eg kjenner det.. det er ikkje alltid eg veit sanninga eller kvifor folk lyg.. men eg vert oppskaka og uroleg når folk fortel noko eg ikkje får til å stemme i det biletet eg ser.  Og folk må berre lyga, og gjerne leve på ei løgn og for den del, det får vera opp te dei Og dei kan ha sterke grunnar for nettopp det.
Men det er ikkje bra for oss som medmenneske, det skapar avstand og utryggheit.  Difor bestemte eg meg tidleg i livet for å væra så ærleg som eg kunne, og såleis gjere meg veldig sårbar. Med ei indre vissheit om at det ville gå bra men til tider vere tøft, spesielt i ungdomsåra var det vanskeleg. Og eg er open om det meste, bevisst. For at andre og skal tore å være ærlige og opne slik at vi får eit bedre liv saman som mennesker her den korte tida vi er her saman.  Nokre gonger har eg følt folk oppfattar meg som mindre begava i all mi opne ærlegheit :-D men eg forstår at det kan vere uvant for folk og kanskje litt skremmande,  Og eg trur eg er akurat passe begava innanfor fleire områder enn dei fleste :-D

Ja vi har mange valg å ta, og vi vel kven vi vil vere som mennesker. Vi kan ikkje alltid velge erfaringane vi gjer oss i gjennom livet, noko kjem ramlande på oss eller vert påført oss av andre, men vi kan velgje korleis vi tek det og om vi kan omdanne det til noko positivt.
Og vi vel menneska vi omgjev oss med. Eg er meir saman med dei eg føler meg vel saman med og som gjev meg positive opplevingar. Andre er eg naturleg mindre saman med, og nokre få må eg bevisst halde på avstand.. Tenk eg er så heldig at eg kan velgje å styre livet mitt i den retning eg vil?
Og med nokre faste grunnhaldningar så vert styringa lettare.
Openheit har eg teke føre meg, men tillit er og viktig. Tillit til at andre vil deg vel, tillit til at du sjølv vil klare å handtere det du møter rundt neste sving. Eg har dei grunnhaldningane godt planta i meg. Ein kvar er seg sjølv nermast, og om eg opplever skuffelsar så tek eg det skjeldan personleg, fordi eg reknar med at personen som skuffa meg handla ut frå kva han meinte var best slik han såg situasjonen. Då har eg rett og slett ingenting å klage på. Men det er lov å fortelje korleis det vart oppfatta, ta avstand og verne seg sjølv, slik kan vi lære om kvarandre. Men tru aldri at du er hovedpersonen i andres liv, eller værdas navle.
Tillit til meg sjølv, eg kan tenkje eg kan snakke og eg kan lese, dukkar det opp eit problem så kan eg alltids finne ut av det eller be nokon om hjelp. Dukkar det opp problem som er større enn det, er vi fleire som slit, så då lyt vi no berre ta det som det kjem. Vi er ikkje født med garanti på at livet er utan vanskar, men erfaringsvis så går det bra helt til det går dårleg.  Ein dag skal vi dø men alle dei andre dagane skal vi leve.

Å kjøpe hus var eit av dei store vala i livet mitt no, om eg vil bu her resten av livet veit eg ikkje, men eg hadde behov for noko fast å forhalde meg til. Og om eg vil ut i værda så er det heilt sikkert nokon som vil leige her :-D
Helsa har vore dårleg dei siste åra, men er på bedring. Humøret er alltid bra og løysingsorientert og kreativ er eg i rikt monn. Så då eg flytta frå Odd-Bjarte september 2017 hadde eg med meg mange gode erfaringar og ny kunnskap. Eg hadde lært meir om gardsdrift, om økonomi og rekneskap, om å drive enkeltmannsføretak og om å produsere gardsmat for sal.  Så i januar 2018 starta eg opp Mor Villrose på hobbybasis med bakrunn i dei erfaringane eg allereie hadde. No hadde eg berre meg sjølv, helsa og økonomisk grense for korleis eg kunne drive. Det vart ein balansegang, nokså stram, for det er kostbart å drive smått. Og arbeidskrefjande når du skal ta deg av alle ledd sjølv. Så eg har kome fram til at eg må skaffe meg kapital for å expandere.

Det kortsiktige målet mitt er å få laga produksjonslokale i kjellaren her og bygge meg opp vidare. Eg har barnevernspedagogutdanning i botn, så det store målet er å ta steget vidare å byggje opp ein gard med ulike tilbod og opplevingar for born og unge  som har ulike behov. eit integreringsopplegg for nye landsmenn samt ta vare på lokale tradisjonar og lage kortreist mat.  Innslag av musikk og kunst. Eg ser det så tydelig for meg at eg er der nesten når eg skriv om det.. men eg klarar ikkje få det ut i denne værda enno :-D

Eg treng nok ein samarbeidspartnar skal eg rekke det store målet no når eg har bikka 50, men eg vel å gå for planen steg for steg og vere open for endringar undervegs. Så no reduserar eg produksjonen for Mor Villrose til å "halde det i drift" og tek på meg litt lønna arbeid som miljøterapeut i ein barnevernsisntitusjon eg har arbeidd tidlegare.

Resten av dagen og helga skal eg bruke til å gjere litt handarbeid, rydding i huset, kontorarbeid og belønninga vert symaskina. Lenge sidan den har vore brukt, og eg lovar å legge ut bilete seinare :-D


@morvillrose



I mitt ess, men med ryggilske må ein finne god liggestilling for å plukke blåbær :-D

Kommentarer