UFO



Dagens U-Ferdige Objekt..
Eg gjekk på kurs for nokre år sidan, mest berre for moro og for sosialt samver. Eg er best på sosialt samver når eg har noko praktisk å ta meg til. Eg har mykje stoff liggande og tenkte å lage eit stort sengeteppe av dette. Etter to flyttingar dei siste åra så har det vorte surr i ruteplanen, men her fann eg att eit numerert bilde og då vert det hakket lettare å arbeide vidare 😃

så i dag vert det å finne fram alt eg treng og legge stoffa i rett rekkefølge, heile prosjektet vil ta nokre dagar, men så vert det fantastisk flott og.

Kommentarer