Lavkarbo

For omlag ei veke sidan var eg på besøk hos Sylvi, ei triveleg dame ute med havgapet :-)  Ho advarte meg før eg kom om at ho gjekk på lavkarbodiett. Jess, tenkte eg, ikkje nok med at eg får slappe av i fantastiske omgjevnader, men så får eg prøve og lære meir om dette som alle så meir enn gjerne anbefalar. Altetande sa eg at eg var... men måtte legge til at torskerogn og lutefisk ikkje er av dei rettane eg kastar meg over akurat.
Og etter å ha smaka meg gjennom ulike rettar i dietten hennar, så var eg overbevist om at dette gjekk an å leve med. Kvifor skal eg så på diett?? Etter ein vinter med betennelse i beina og brot i ryggen, så har aktivitetsnivået ikkje stått i samsvar med matinntaket, og reservane har lagt seg som ein solid ring rundt midjen. Etter ein kort overtydingstale for min kjære sambu, så er han også med. ( .. det vil seie, han har nok ynskt det lenge for begge sin del)

Så i dag sto eg tidleg opp og laga lavkarbobriks te frukost. Så no er vi i gang. Målet er ned 10-15 kilo kvar.  Tenker å skrive meir om korleis det går og kanskje legge ut nokre oppskrifter. Ellers lyt eg gjere om mitt støttemedlemskap ved PULS til aktivt medlemskap:-)

Kommentarer

  1. Vi heldt på med dette i tre månader ca. Forma mi vart gradvis bedre og eg vart 7 kilo lettare. Kraftkaren av ein sambu lettna 15 kilo. Då eg reiste til Viksdalen i oktober for å være meir tilstades for yngste dotter mi, la vi til sides den "strenge" dietten men hadde likevel lært kva som var gode måltid og har helde oss nokelunde stabile i vekta sidan. :-) Kan anbefalast for vektreduksjon, og dersom du slit med ME eller annan sjukdom som gir bettennelsar i kroppen.

    SvarSlett

Legg inn en kommentar