Tvillinger til gards.

Torsdag morgon, var det eit overraskande syn som møtte oss då vi kom i fjøset. Den nyinnkjøpte kviga hadde kalva, ikkje berre ein men heile to fine oksekalvar låg attmed ho. Det er ikkje uvanleg at kyr får tvillingar, men oftast får dei berre ein. Her på garden har det dei fem siste åra vore tre tvillingfødslar, og det har så lang gått bra med alle kalvane. Denne gangen såg det derimot ut til at det ikkje skulle gå så bra. Den eine av kalvane var ganske så liten og spinkel, men han drakk godt så vi håpa at han ville komme seg. Vi plar å ta kalvane frå mora etter kort tid, så gjev vi dei melk frå flaske. Det såg ganske så bra ut første dagen, men andre dagen ville han ikkje suge, han var kald og slapp og reiste seg ikkje. Etter å ha prøvd med all slags stimulereing, måtte vi ta ei avgjerdsle på om vi skulle tilkalle dyrlege eller om vi skulle la naturen gå sin gang. Eg kjende langt inni hjarterota at eg ville at denne kalven skulle leve( sånn blir det nok uansett kva for dyr som er sjukt) men fornuftig og økonomisk vurdering var og til stades. 1200 for dyrlegebesøk, og sjansen for at spekalver som er sjuke så tidleg overlever, er 50/50 . Shitt vi har kasta vekk like mykje penger på unødvendige ting og tang mange ganger, så eg stemte for besøk av dyrlegen, bonden sjøl var nok i villrede, men kunne kalven reddes så skulle eg nå saktens få viljen min! Dyrlegen var allerede i telefonen ganske så pessimistisk når det gjalt prognosene for at kalven skulle overleve, men kom nå til gards. Etter nøye undersøkelse var ikkje dyrlegen sikker på diagnosa, men det kunne være at hjerteklaffen ikkje hadde lukka seg normalt, eller ein infeksjon. Vi bestemte oss for å behandle kalven for ein mogeleg infeksjon, og måtte vente til neste dag for å sjå kva veg det bar....
.. ogden natta drømde eg om små kalver som leve og dansar, og om små kalvar som er døde.
Då vi kom opp i fjøset laurdag morgon vart vi møtt med spede mø av  ikkje berre ein men to som var rett svoltne og ville ha  melka si :-)  Og bonden var glad han hadde hørt på den blauhjarta kjerringi :-)

I dag er dei rett so livlege og kikar fram når dei høyrer meg i fjøset, nyfikne på katten er dei og :-)

Kommentarer