Ein dag for rette linjer

No har gradene komme eit stykke nedover, og rimfrosten ligg som eit glitrande kvitt teppe over bøane. Rimet får tre og anna til å likne overdådige kunstverk. Sola krype berre lengre og lengre oppover fjellsidene, men me anar at ho er der;-) Ikkje berre bøane som er kvite i dag. Heile værda er kvit! Kvit skodde ligg som ei mjuk dyne over dalen og lullar oss inn i til stille ettertanke.

Eg har tilmed vore å gått tur i dette vakre og stemningsfulle veiret. Vegen verka spesielt rett der han strekte seg som ein mørk kontrast til alt det kvite. Ei rett linje inn i skodda. Alt veka så rettlinja. Trea, husa, gjerda... Eg likar rette linjer, det gav ein skags ro og følelse av forutsigbarhet. Sjølv det at skodda tok sikta så ein ikkje kunne sjå kor vegen bar, fekk ein slags ro. For bak der kunne ein skimte trea på rett linje, sola som delte fjella i ei lysande rett linje langt der oppe. Eg gjekk vidare framover og så slo det meg at omtrent slik er det med framtida og, uansett kvar vi står i liva våre, så kan vi ane det som er der framme, og vi veit at der er noko, men vi ser det ikkje heilt tydeleg før vi nærmar oss:-)

Kommentarer