Desember

Desember er ein fantastisk fin månad å roe ned i! Ja det er mørkt ute nesten heile dagen, det gjer meg trøtt og døsig. Det er glatt på vegane, det gjer at eg får lyst å halde meg heime. Juleførebuingar? Kveikjer stearinlys og eter mandarin, og har som tradisjon (heilt for meg sjølv) At eg kan ta eit glas baylis for kvar ferdig kakesort. Til no har eg berre tent opp eitt glas, og har det heilt fint med det. Gåver blir det, og god mat, men det viktigaste er at vi kan samlast og ha det koselig i lag. Spele spel, sjå film, knaske godsaker, prate og være sosiale, lufte bikkja og oss sjølve i akkurat det tempoet som passar. Kven bryr seg då om det heng litt spindelvev her og der? Eg har i allefall ikkje tenkt å vaske til Jul, Eg har tenkt å måle peisen, det har eg tenkt på ei stund, og kjenner at tenkinga er begynt å nærme seg slutten, så får me sjå kva d blir til. Framleis god Desember!

Kommentarer