Eg har no vore på Hauglandssenteret i to og ei halv veke, opplegget er strålande og eg er dautrøtt;-) ... men på ein god måte. Eg har jobba intenst desse dagane, gått på tur både i ulent terreng og i meg sjøl. Så skrivinga vart det mindre av. Er i ferd med å finna roen :-) og onsdag skal eg heim til kvardag att....får starte mjukt og fortsetje i feriemodus.
 |
Eit hjarta på veggen, ein del av ei gamal hesteharv. Symbol på kjærleik og vørnad for jord og grøda. |
Eg er fødd og oppvaksen på gard, har budd på gard heile mitt vaksne liv og veit at jord og grøda er viktig for føda.. ;-) Matelskar er eg, med forkjærleik for tradisjonsmat og med ny inspirasjon er det rom for å ta tak i dette med meir handfaste ideear etterkvart når eg kjem heim :-)
Hei! Saknar småpraten vår rundt bordet. Reknar med du har kome litt i gjenge att ute or "bobla". Eg har fått meg eit par fine kanoturar og elles godt nøgd med treningsutbytet så langt. God sommar!
SvarSlettGjertrud