Opp og ned




Gårsdagen var ikkje av dei sprekaste, so etter ein middagslur, migreneanfall og mykje ustrukturert frustrasjon, reiv eg meg ut over rotet på loftet :-) Det finnes eit golv der oppe!!!! Etter at vaksne barn har flytta ut og inn av heimen dei siste åra har det samla seg mykje rart. Det ser ut til at dei flyttar inn med meir enn dei tek med seg når dei flyttar ut att. Kanskje ein gong kan vi få til nokre ekstra rom.... Kontor og hobbyrom hadde vore tingen :-)



I dag har det vore sprekare. Starta dagen med aldri så liten kjøkkenteneste før eg tok ein svipp te Førde. Når ein driv gard er det alltid noko som trengs, denne gangen var det  ny slange til eit dekk på slåmaskina. Vel heime var det å finne fram det eg treng til opphaldet på Haugland. Så ein tur til legen i Florø sidan eg var tom for medisiner, greit å ha det i orden når eg skal være borte i tre veker. Heime igjen så har eg hatt kvalitetstid med Ingrid Elise :-) Vi har ordna litt i hagen, med lue og votter på i den bitende sure vinden :-(  og hjelpt til med å få kyrne på bås før melking. No er det Peter Pan på DVD før leggetid. Og eg skal pakke vidare før avreise i morgon. Har fått i orden den bærbare dataen, så da kan det være opning for vidare skriverier ;-) Og kameraet må bli med :-) Kjenner at eg gler meg igrunn :-))



Kommentarer