Tur heim til barndommens dal

Myklebust anno 2012
I går tok eg meg ein tur te tante og onkel på Vassdalen. Dei driv familiegarden på Myklebust vidare. Eg vaks opp i huset på bildet her, og alle bygningane var i vesentleg bedre stand for 35 år sidan.

Det er alltid koseleg å komme "heim" att. Tante og onkel tek alltid varmt imot besøkjande familiemedlemmar:-) Eg har mange gode minner av folk og hendingar. Då eg vaks opp var her sauer, kyr, grisar og hest. Katt og hund høyrde og med. Og alltid mykje folk. Det var her ein samlast, gjerne te fotballkamp på nrk(einaste tv kanalen) på laurdag ettermiddag, medan angen av nysteikte vaflar trekte inn i alle rom :-) Så derfor har eg det slik enno at når eg høyrer plinget av mål frå fjernsynet, kan eg kjenna vaffellukta nesten like sterkt no som då.

Garden er no velhalden sjølv om dei gamle bygningane ikkje akurat ber preg av det. Tante og onkel bygde nytt hus på Gullhaugen og flytte inn på slutten av 70 talet. I 94 sette dei opp ny driftsbygning nærare sitt eige hus. Bøane er slette og fine og nydyrking skjer titt og ofte. Flott no når onkel har kjøpt seg ei gasta brukte steinrive. Nesten so eg vart litt misunneleg, for eg trur jammen eg har meir stein på eit stykkje heime enn han nokongong vil kunne finne på heile garden sin. På Myklebust driv dei med sau. Og hunden Gullit, er ein veldig kosete sauepassar. Han ville helst ha all merksemd så det var ikkje lenge eg kunne klappa tunlamma før han kom smygande.
Utsikt frå Myklebust mot Igland.

Nydeleg stad med fiskerett i Strandavatnet. Som lita jenta har eg drege opp mang ei kjø frå dette vatnet:-) Eg har og raka inn mykje turrhøy frå desse bøane. Takk for meg for denne gongen, eg kjem snart att :-)

Kommentarer