Nok ein glad dag

Det har ikkje vorte mykje skriving her, eg kanskje ikkje det store behovet for å blogge, eller interresse...?  Men prøver igjen på nokre innlegg :-)
Mona

Det som eg ikkje har nevnt her er at eg har vore sjukmeld i tilsaman 15 månader no. Ein periode med mange opp og nedturar. Legebesøk og Fysioterapi. Innimellom har eg hatt det veldig bra og innimellom ekstremt dårleg. Det har vore veldig vanskeleg å venne seg til den varierande forma og at kroppen min ikkje vil  det eg vil. Legen min kallar det for ME. Eg veit ikkje, men at eg ikkje er frisk er sikkert. ! 1. august i fjor tok eg eit viktig valg. Eg bestemte meg for å ikkje prøve å kjempe meg tilbake til jobb før eg hadde fått ein diagnose og ein plan for å bli meir stabil i forma.  Dei ti siste åra har eg tilsaman vore sjukmeld omtrent halvparten av tida i kortare eller lengre periodar. Uhaldbart for meg og for arbeidsgivar.  Etter at eg tok dette valget så har faktisk sjølvkjensla vakse. Eg har mange dagar eg har nok med å stå opp og berre vere, men eg har mange svært gjevande dagar også:-) Dei dagane eg berre finns, tar eg det med ro i vente på bedre dagar, det har eg måtte lære meg, for frustrasjonen kunne være stor når eg ikkje kunne gjere det som var planlagt eller hjelpe til på garden.  Som de sikkert forstår så har eg hatt mange "eksamenar" før eg har kommen hit eg er i dag. Eg har det veldig bra, sjølv om mykje er annleis enn eg hadde tenkt og forventa. Eg har lært å fokusere på det eg har fått til, sjølv små ting i kvardagen som er positive tar eg meg tid til å dyrke og glede meg over.

I dag tok eg en halvtime med bøy og tøy på sengekanten slik at det gjekk å kle på seg. Så måtte eg tøyse litt med barnebarnet mitt som var oppe allerede. Vi kosa oss med rista brød og syltetøy til frokost:-)  Så tok eg frem symaskina og lappa dongeribuksa til min kjære svigersønn <3 Allerede då hadde graden av positivitet fylt seg høgt opp på mitt målebeger. Karane laga egg og bacon til lunch og etterpå gav vi Tina, hunden et realt bad med shampoo og balsam. Ingrid Elise var til god hjelp (iført rosa ballerina) og vi var en smule skitne og våte begge to :-)
Teselskap på kjøkkenbordet.



Deretter var det teselskap med Ingrid Elise og barbidokkene, før heimelaga kjøtkaker til middag. Etter middag var eg en tur ut for å flytte på elektrisk gjerde til kalvene slik at dei fekk større område å beite på.
Ein flott sundag :-)

Kalvedans.
Så har eg fått nytt kamera og prøver ut litt forskjellig, her fokuserer eg gjennom et forstørrelseglas.
Ingrid Elise, sjønnaste jenta til besta :-)
Tittei :-)

Kommentarer