Våren

Våren lar vente på seg her i vest, og i dag har me hatt eit vakkert veir sjølv om temperaturane er einsiftra. Linerla  ser ut til å fryde seg ute på leit etter ein stad å bygge reir. Har ein mistanke om at valget fell på ein stad under mønet som i fjor ;-) Kanskje er ho godt i gang allereie.

 
 
I dag har eg tatt ein liten opprydding ute og småskjent litt på gubben som brukar tunet til verkstad/garasje. Han berre flire så eg trur han tykkjer det er stas med litt skjenn innimyljå ;-)
Eg lyt jo ta att, for i heile vinter har eg fått skjenn for eg lagar for god mat og at han legg på seg...ja eg og då :-(  Så no har me tatt på tak at med slek lavkarbo. Me prøvde det for eit år tilbake, og eg kunne skryte av -7 etter tre månader og han med -15, men du den gamle gode bondekosten er det me er vande med og det krevst vilje og disiplin for matelskarar og forkjemparar av gamal norsk tradisjon å halde seg til diett. Men ein ting erfarte eg foriige gang, det var at helsa kom seg betrakteleg. Det vart til og med ein ende på snorkinga frå han i den andre sida av senga, me sov betre og hadde meir energi :-)  Vi var nokelunde stabile ei god stund, men i vinter har me fylt på lagera att. Så no er målet å komme tilbake til der me slapp og prøve halde det slik, med passe god mat :-)
 
I dag er  det helg så då har eg egenkomponert litt snop som skal ha lågt karbo innhald.
 
 Sjokoladetrekte carshewnøtter.
 
Eg reknar med dei varer lenge, for dei var mektige. Og det vart ca 36 stk. Kvar bit inneheld omlag 2.2 karbohydrater fann eg ut etter ei runde med kalkulatoren.
 
2 ss kaffi
50 gr 70% sjokolade
40 gr delfiafett
1 egg
1-2 ss sukrinmelis
240 gr( en boks) usalta carshewnøtter.
 
Eg smelta sjokoladen og fettet i ei panne i lag med kaffien, piska egg og sukrinmelis mens sjokoblandinga kjøltes litt ned. piska inn egget til ei jevn luftig blanding før eg blanda inn nøttene. Deretter sette eg med skei i konfektformer og sette på kjøling. Reknar med dei står seg to-tre veker i kjøleskåp i tett boks så dei ikkje tar til seg anna smak. Helt grei snop ;-)
Ha ein aldeles triveleg kveld alle som måtte helse på her i min lille kvardag:-)
 

 

Kommentarer