Ny dag, ny veke.... mandag 25 nov

I dag har ikkje hendt det store, men vore ein kjekke dag likavel.  Starta dagen med husarbeide og fortsette med ein litt lengre biltur.

Svigermor har eindel helseplager og har vanskar med å reise åleine, så i dag har me henta henne heim att etter ein helgatur. Ho er alltid veldig takksam, så fann ho ut ho ville spandere middag på oss. Nokre dagar er det heilt på sin plass å eta ute :-) På veg heim hadde vi eit stopp på garden for å gjera unda fjøsstellet. Det vil seie, sambuaren min tok seg av fjøsstellet medan eg laga hoppedorrer... eit meir forståeleg namn er natronkaker...


Og alle saman vart sendt med Svigermor :-) Litt til frustrasjon for ein viss kakemons. Julebaksten er eg ikkje starta med enno, men eg skal ein tur te ei tante for å bake vestlandslefser og anna god tradisjonsbakst denne veka.

Kommentarer