Minner og lidenskap.

Ikkje nett kvar dag eg skriv nei, men det får heller våge seg :-)  I den siste tida har eg nytta symaskina flittig. Eg har verkeleg fordjupa meg i arbeidet så dei to eg bur med høyrer nok symaskinsurr i søvne vil eg tru.

Eg har alltid likt å sy, drøymde ein gong om å ta saum yrkesfag, men vart fråråda og valde annleis. No har eg saum som hobby, eller lidenskap alt etter korleis ein ser det.  Mor mi var utruleg flink med handarbeide, likeeins bestemora mi, så interessa har komme med morsmjølka kan ein sei.

Då eg var 7 fekk eg ei leikesymaskin som eg kunne sveive, den fungerte flott, eg elska den symaskina og lagde fantastiske kreasjonar (tykte eg sjølve i allefall) til barbiedokkene mine. Etterkvart som eg vart større fekk eg låne mor si Bernina maskin. Eg kjøpte Burdablad  og tyske Neue Mode og sydde av alt eg kunne finne. Det var ikkje alt som vart like haldbart eller vellukka, men eg storkosa meg. Mor mi var alltid villeg til å hjelpe meg om eg sto fast, rett nok var det ikkje alltid ho var like begeistra når heile stova flaut i stoff, mønster,  nåler og trå når ho kom sliten heim frå jobb og eg burde ha vore ferdig med leksene. Gamle laken vart bukser med dobble saumar og naglar, rosete stoff mor hadde lagd vekk i skuffer og skåp vart skjorter og toppar.

Fantasien for kva ein kunne lage var stor og inspirasjon fekk eg i blad og butikkvindauga.  Eg samla materialer heime hos besta og i kontainerane på skofabrikken i Dale fann eg skinn som kunne brukast te mykje. Eg laga penal og brilleetui. sko til dokka kan eg og hugse. Men alt dette som eg har laga er kun minner,nesten ingenting er teke vare på. Om det er synd? nei igrunn ikkje, for eg er sikker på at den gleda eg hadde av å lage dette var mykje større enn gleda av å samle. Minnene har eg behelde og dei er nok vakrare enn sjølve produkta :-)

Eg utvida område for kvar eg fekk materialer til stoffbutikkar og postordrefirma. Stensæth`n i Dale og Bernina  i Førde hadde mykje fint, likeeins Stoff og Stil.  Eg vart hekta på stoff, og det er eg framleis :-) Så eg har fleire kassar ståande på loftet. Eg har tilmed stoff som både bestemor mi og mor mi har kjøpt inn.

Kvifor er eg så nostalgisk i dag då? jau det har seg slik at eg har rota i skuffer og skåp og då fann eg ein av dei få minnene som og framleis er eit produkt. Ein vest laga av skinnrestar som eg henta i kontainarane på skofabrikken, stoff kjøpt på Bernina i Førde og fôr og skråband kjøpt på Stensæth`n i Dale. Mor mi hjelpte meg eindel med den sidan han skulle forast og ha skråband på.

Denne vesten fekk eg verkeleg lyst å vise fram i dag. Den har mange minner med seg og rommer ein heil del historie :-)


 




Denne laga eg då eg var 16/17 år i lag med mor mi.




 Skinnbitar satt saman  til større stykke og klipt til framstykke.

 Grått fôr og skråband kjøpt på Stensæth`n i Dale.










 Bakstykke av stoff kjøpt på Bernina i Førde, har framleis ein rest av same stoffet så om nokon ynskjer ein lik vest så er det mogeleg :-), men skinn frå skofabrikken i dale har eg nok ikkje att dessverre ;-)














Dei siste to-tre åra har eg teke til med å ta bilde av alt eg lagar. Det er veldig kjekt å sjå attende på og så om det er noko ein ikkje heilt hugsar korleis ein gjorde for å lage, så kan ein sjå på bilda og finne det ut :-)  Det kan eg kanskje vise fram ein annan dag.

Har du gode minner om korleis noko vart ein lidenskap ? Skriv om det då vel :-)

Kommentarer