Rehabelitering og framtidssvisjonar.

 
Første dagen på Hauglandsenteret gjekk med til å finne roen. Pakka ut på ti minutter..så var eg igrunn landa. Det hjelper nok på å ha vore her før. Ellers var det å verte litt kjend med personane som eg deler bord med, og gå seg ein liten tur. Kjenne litt på heimlengt. Den er ikkje så sterk som før. Men kjenner at eg gjerne skulle vore heime og kosa meg i det fine veiret, planta litt i hagen og gjort det triveleg rundt meg. Eg er heldigvis snar å tenkje at det kan eg få muligheiten til når eg er ferdig med opphaldet her. No skal eg bruke dei kommande vekene til å verte bedre så vert det lettare å gjere alt eg vil gjere heime når den tid kjem.
 
 
 
 

Før eg reiste heimanfra laga eg ein prøveproduksjon med løvetannsirup. Den vart kjempegod, og eg har delt ut til eit utvalgt smakspanel som var einig i at det var eit godt produkt. Eg klør etter å plukke løvetann og å få laga meir.. kanskje tilmed prøve å lage løvetannvin. Men i år får det vere med prøveproduksjonen.. slik som det i fjor haust vart med prøveproduksjon på rognebærgelè, og så får eg satse på litt større produksjon av den no til hausten. Ein skal trass alt ha på plass emballasje og merking og ein del anna før produksjon av vare for salg.
 
 
Eg har sidan juni i fjor heldt på med eit prosjekt. Prosjekt oppstart gardskjøkken. Eg melde meg på Eikefjorddagane 2015, med lefser, potetkaker, nordlandslefser, mylse og hylleblomstsaft.  Eg rakk og å lage opp rabarbrasaft.  Dette for å teste ut marknaden. Varene eg laga opp fekk eg solgt og eg tykte det var veldig kjekt å rese på marknad.
 
 
Her er eldste dotter mi, Eli Tove og barnebarnet mitt Ingrid Elise med å hjelper til på Eikefjorddagane.
 
Målet er å starte opp med gardskjøkken heime på garden, der eg kan lage ulike produkt for salg. Stikkordet er:
 Nytt og Nært med Tradisjonar.
 
 
 

Kommentarer