MAT.. ja Lasagne på ein sundag.


Heimelaga lasagne. Altformykje oppi forma som vanleg, så no må eg til å vaske steikovnen og :-D

400 gr kjøtdeig
1 løk
3 fedd kvitløk
250gr champignong
1 paprika( ein eller fleire fargar bruk gjerne restar kan sløyfast eller erstattast med revet gulrot)
1 boks hermetiske tomatar i bitar
1 lite glas tomatpure
2 ss tomatketchup
3 dl vatn
salt
pepper 
Tabasco
sukker
pastaplater
ostesaus(oppskrift lenger nede)


 Steik kjøtdeig løk og kvitløk med litt smør, og ha det oppi ei panne, steik så sopp og paprika å ha det i panna.



Rør så inn tomater, tomatpure, ketchup og vatn, og smak til med krydder og sukker

Ostesaus:
50 gr smør/margarin
3ss kveitemjøl
5dl melk
175 til 200 gr ost, gjerne cheddar og mozzarella.
parmesan eller blåmuggost for ekstra smak.
salt
 smelt smøret og rør inn mjølet og spe med melka, sausen skal vere tjukk. Når sausen har rett konsistens har ein i osten og smakar til med salt.

Eg elskar parmesan, så det gjekk med litt her :-D



Legg lagvis med kjøtsaus, pastaplater og ostesaus, avslutt med ostesaus og litt ost på toppen.  Ikkje fyll forma så full som eg for det utvidar seg når det blir varmt og flyt over :-D

200 grader i ovnen og ca 35 minutt.
server med brød og ein god salat :-D






Kommentarer