Openheit.

Openheit er vel og bra men det gjer deg sårbar, det skal styrke til å vere sårbar, Å vere open om det meste det er eit bevisst val eg gjorde tidleg i livet.
Eg har hatt eit innlegg liggande ei veke no, men valde å ta det vekk for det omhandla opplevingar i fortida som eg ikkje vil dvele ved lengre, og då treng eg ikkje vert minna på det her i bloggen.  Det har gjort nytta si og då skal eg late det fare.

Sundag laga eg klinte melkekaker, god tradisjonsbakst, som eg hadde med på basar til inntekt for ivaretaking av lokale kulturminner. Nilsbua på Hellevik i Fjaler. Basaren var av god gamal sort med kaffi og kaker, loddbok og åresal. Og mange veldig flotte gevinstar.  og vann gjorde eg og.😀


Kommentarer