På Leit..

På leit. Nytt hus, nye rutinar, nye lure stadar å gøyme vekk ting.  Ja så no leitar eg både her og der, av og til så må eg stoppe opp for eg har gløymt kva eg leitar etter. Og den som leitar han skal finne... sjølv om han ikkje finn det han leitar etter så finn han no eitkvart  😂

Eg leitar etter korkane til saftflaskene, eg tenkte å lage opp litt fleire flasker hylleblomstsaft for å ha med på stand. Rabarbra har eg ikkje meir att i frysen av, men det kan eg få kjøpt så det er mulig eg får laga opp det og etterkvart. 


Nei no får eg leite vidare, sjølv etter ein skrivepause har det ikkje lysna i tåkeheimen ...

Kommentarer