Søndag og egentid.

Nokre gonger i livet vert ein forstyrra, sett ut av kurs, eller rett og slett skulert av små eller større hendelsar. Då er det viktig å ha verktøy som får ein på plass at på det nivået ein fungerar på sitt beste. Blomster og god stemning i heimen er eit godt verktøy for meg. Tur i naturen eller meditasjon er og gode verktøy. Godt å ha mange verktøy så ein kan variere eller finne det som fungerar til det ein treng å få fiksa på i dag.


Å trekke eit kort for dagen er og eit slikt verktøy. Eg brukar det for å ha eit overordna indre fokus den dagen. Nokre gonger brukar eg kort tid på det kortet fortel andre gonger set det i gong tankar og prosessar som gjere godt å ta tak i. Kva for kort type er igrunn ikkje så viktig. Om det er ord og uttrykk, visdomsord eller englekort. Her kan ein bruke det ein føler seg komfortabel med.
Eg har i det siste begynt å trekke frå to typar kort, og oppdagar at ofte så samenfell budskapet og vert veldig tydelig.  I dag trekte eg eit kort  frå Englebudskap og eit kort frå Healing med Alvene.

Og då eg skulle legge korta tilbake hoppa det ut eit eksta frå kortstokken 😍


Ta deg fri, gje deg sjølv litt tid til å ha det moro! Å ja som eg lengtar etter å ha leike og ha det moro, men fri har eg jo heile tida.. ?  Men det kan bety at ein faktisk sleppe litt laus, gjer noko anna enn det ein pleier, kjem seg litt utav det vandte og får nye impulsar. Kjempeviktig både for den som er travelt oppteken både med jobb og familie, men like viktig for meg som er uføretrygda. Det er lett å gro fast i ugunstige mønster.



Først trakk eg slå deg laus, ja her kan du sjå kor dei heng saman, og når eg funderte på kva eg skulle finne på, så ramla Ditt indre barn ut av stokken. Eg elskar å skrive, lage mat, gjere handarbeid. Det vil seie alt som har med å skape noko. Eg har ikkje landa heilt på kva eg skal gjere, og eg skal gjere noko eller om eg berre skal kjenne etter på kva det er eg tykkjer er moro :-D Og kva eg trur hadde vore moro no kommande veke å få til :-D

Alternativ tenkjande har eg vore heile livet, meg eg har ikkje prata så veldig mykje om det, det er berre ein del av meg.  Nyskjerrig på livet er eg og eg elskar å møte nye folk.


No er Lasagnen ferdig, ekte god heimelaga frå botnen, så no skal eg ete litt. Eg har teke bilder undervegs så om de føl med så kan det vanke både oppskrift og framgangsmåte seinare i kveld.

Kommentarer