Valentinsdag oliven og afrodisium.

Valentinsdag og Oliven.
Eg er litt usikker på om eg feirar eller om eg et for trøst 😅

I dag har eg teke meg på tak å gjort unda helgevasken. Har hatt ein skikkeleg dau periode no etter nyttår, ikkje orka å ta tak i noko som helst. Men ingenting eg er nødt å gjere heller så det er ingen fare.

Og der var siste olivenen borte vekk.  Eg og ein kjenning hadde ein diskusjon her tidlegare om mat og erotikk, om kva mat som verkar på sexlysta og om det var noko hald i det. Så eg har no googla litt og lese og funne ut at det egentleg ikkje er noko vitskapleg hald i at ulik mat og substansar verkar som afrodisium. Og at det meste av pulver og greier som folk framstiller og sel, berre har ein slags placebo effekt.

Eg tenkjer det rettnok kan vere slik at mat framkallar minner som gjer oss meir fyrrige og lystne, og at det såleis er veldig individuelt kva som verkar på oss som afrodisium.
Det einaste eg fann ut var at agurk har eigenskap å skjerpe luktesansen, og klart at det kan vere med å sette saker i sving om ein får ferten av ein vel luktande mann.

Oliven er ikkje nemnt i nokon artikkel eg las. Mørk sjokolade, avokado, fiken, bær, banan, piska krem, rødvin, chilli, mandlar, østers og egg var nemnt, men for meg er oliven helt topp, det minner meg om spanske strender, og lettkledd ungdomstid.  Så skulle eg ha valgt min valentinmeny i dag måtte det vorte tapas, god smakfull ost og masse oliven. raudvin med ein god chillisjokolade attåt. Kanskje som mousse??  Mmmm 😍

Kva er ditt Afrodisium? Valentinsmeny?

Ha ein nydelig Valentinsdag alle saman, eg dyrkar eigenkjærleik i dag 💗




Kommentarer