Mai bit og kroppen slit

Jadå, eg smiler og er glad. Eg er stort sett glad både utanpå og inni. Men nokre gonger slit eg med utmatting og verk. Eg er glad likevel eg.. men gjev uttrykk for at eg er sliten lei og slettes ikkje vil vere i ein slik tilstand. Og då er eg heime for meg sjøl, ikkje eingong familien har eg krefter til å vere i lag med då. Då vert eg lei meg, frustrert og ein skjeldan gong kjenner eg tårene trille nedover kjakane. For eg vil ikkje ha det slik, men eg veit ikkje kva eg kan gjer for å sleppe. Så veit eg at det går over og så finn eg på noko kjekt å gjere på slik at dei vanskelege dagane går umerkeleg framover mot dei bedre dagane der eg har krefter til å vere sosial og aktiv ute i naturen.
I dag er tredje dagen på rad med stikkande verk og kramper i kroppen med kvalme og voldsom utmatting. Det er ikkje likt gjennom heile dagen eller kvar dag, så innimellom klarar eg litt. Laurdag var eg og handla, leverte bunadslommen som eg har sydd for tanta mi, og så bakte eg tropisk aroma.
Søndag hadde eg besøk av ei anna tante som fekk heile kaka med seg heim. I dag var den tyngste dagen så i dag brukte eg tre timar frå eg stod opp på å bli i nokelunde bevegelsemodus og klar i toppen.  rydda litt og vaska sengklede, sove mange timar på sofaen så no kjenner eg meg skrivelysten og har eit håp om at det verste er over for denne gang.

Eg trivast godt åleine, og med slik ei utfordrande helse så er det godt å berre ha seg sjølv å ta hensyn til. Men no kjenner eg at eg faktisk treng nærkontakt både mentalt og fysisk, og det har ført litt tenking med seg :-D 
Har eg samvittigheit til å inngå eit forhold med mi helse? Eg veit av erfaring at dei periodane eg ikkje heng med vert endå sårare og tyngre når du føler du sviktar ein du er glad i, difor føler eg at eg må fortelje om korleis eg fungerar.  Men det er nok ikkje lett å forstå konsekvensane før ein har erfart korleis det er. Så er det det at ein ikkje vil framstå som sytete når ein fortel, så då pyntar ein kanskje litt på det og.
Kanskje er eg meir bekymra for at eg belastar meg sjølv enn om eg er ei belasting for andre, for dei gode dagane er verkeleg gode og inneheld mykje glede som eg gjerne vil dele.

Eg har både sang og dans inni som vil ut, litt råskap og galskap, omtanke og andre tankar.
Eg har blitt modigare med åra og eg likar meg sjølv bedre og bedre. Det er ei veldig god kjensle :-D

Vel, no er det sovetid, så får eg ta opp att tråden i morgon










Kommentarer