Ei tålmodig sjel

 Tolmod er ein dyd,,,

Ja er det det?   Eg er tålmodig, og ser på det som ein god kvalitet. Men når tålmodet gjer til at du set deg sjølv til sides, er det så bra då?  Eg har ikkje fasiten, men vil gjerne filosofere litt kring dette temaet i dag--- ehem natt har det visstnok blitt.

Når eg er tålmodig kjem eg sjeldan i klinsj med nokon, det er jo bra,men eg oppnår kanskje ikkje å nå dei måla eg set meg i den farten eg hadde tenkt.

I dag då eg var innom bakeriet for å kjøpe med litt godt til kaffien så opplevde eg å verte forbigått av ein utadvendt og sørviskrevande eldre herreman, blid sådann. Det var berre meg og han som kundar forutan to bord der det sat kafegjester.

Herreannen la eg merke til i det eg gjekk inn i bakeriet, fordi han kjørde så nær inngangen han kunne og eg var usikker på om han skulle køyre vidare, men han stansa, eg gjekk inn og tok eit raskt blikk på kva som var i disken, bestemde meg og venta på betjening.  så kom mannen og inn og snakka til betjeninga som stod litt attom disken og konfirerte med ein kollega. Han sa har du fem brød oppskjert til meg? OOps. stod ikkje eg her først? tenkte eg, men tenkte eg ville observere. Nei, skal du ha oppskjert må du bestille på førehand, men eg har fem brød du kan skjere opp sjølv sa betjeninga som såg meg men valde å betjene denne herremannen først. Ja eg tek disse fem men du kan no skjere dei for meg du vel meinte herremannen... eg tenkte.. skal eg sei noko?? eg ser på dei begge, utan blygsel, men dei ensar ikkje meg. Betjeninga tek imot betaling finn fram bråda og skal til å skjere opp brøda....men då har eg fått aldeles nok, ikkje hadde eg dårleg tid, men å verte behandla som luft finn eg meg ikkje i. så eg seier:  Ettersom eg i utgangspunktet var først så sysn eg du kan betjene meg før du skjer opp brøda hans.. korpå betjeninga peikar på ein tredje kollega som driv å legg varer i disken og seier... ho kan hjelpe deg... Jadda   jadda no big deal... men likevel folk er jaggu rare. Trur ho som betjente meg følte seg litt ille til mote. Eg veit ærleg talt ikkje om eg har lyst å gå inn at der fleire gonger.



Dette handla kanskje om bollar, om børt eller om tålmod, eller kanskje noko endå meir viktig ?


Eg er så heldig å ha fått napp og det er match, men i ein alder av femti pluss har vi begge våre vanar og godt etablerte liv som må gå sin gang, Her og ser eg på tålmod som ein stor kvalitet, men gud så vanskelig det er når eg har sååååå vanvittig lyst å dele gode stunder med denne gode mannen. og eg er sånt eit her og no menneske egentlig, og må oppleve igjen og igjen, Så eg har masa litt eg no, og har litt dårleg samvet fordi eg ikkje klarte vere helt 100 prosent tålmodig. Men så får eg håpe vedkommande føler seg ønsket og ikkje vert stressa av at eg syns vi må leve, nyte og elske. Ingen veit kva morgondagen byr på.

Tålmod er ein dyd, men å ta sin plass i livet er også ein dyd.  Og eg kjenner at eg krev meir plass enn eg tidlegare har gjort, og det er ganske så uvant. Eg veit ikkje helt korleis eg skal handtere det.

Men ein ting er sikkert, det kjennes befriande og godt <3



Kommentarer