Laust og fast

 I dag har igrunn vore ein kjekke dag. Eg har vore og hjelpt yngste bane å rigge til fotografering av leiligheta som skal selgjast. Med god hjelp av ei kjær veninne Maria som driv eigen interiørbutikk fekk vi opp puter rette bord og lampar. Mor Villrose... ehem eg ;-) stilte med gode produkt som stasj på kjøkendisken, Ikkje at eg gjorde så mykje, eg vasa no rundt med vaskefilla og blenkte nokre spegla, la meg oppi litt eg visst ikkje skulle ha gjort,,, sånn som mødre alltid gjer, og so reiste eg heim stolt og kry over den flinke goe dotter mi som får til så utruleg mykje, og verkeleg er tøff og tar sine valg når det trengs, og når andre kanskje ikkje hadde satsa på endring så vel ho å satse på flytting 14 dagar etter termin...  Mamma ynskjer deg so masse lukke til med fotografering, visning og budrunde. I love u so much <3 Det vart skikkeleg fint og håpar at de får god pris <3 Og vesle Millasia <3 so goe jenta te besta, ho vaska og stasja ho og. Takk for at de har bruk for meg, 




Elles har det vore ein løyen sommar, det kan eg fortelja om i neste innlegg



 

Kommentarer